
#TogSelfie · 31. mai
Coradia LINT 41 · LB 213
På Hillerød station blei det tid nok til ein luftetur, handling av Faxi Kondi, og å ete lunsjen min frå Helsingør. No tek eg toget vidare mot Hundested havn.
Biletskildring
Ein selfie av ein breitt smilande mann med skjegg og lilla hettegenser på ein jernbanestasjon. Til venstre bak han står fronten på eit gult og grått lokaltog av modellen Alstom Coradia LINT 41 på sporet. Toget er merka med ein blå «L»-logo og har tognummeret LB 213 på snuten. Det digitale destinasjonsskiltet i frontruta viser teksten «920R Hundested Havn». Mannen står delvis under eit overbygd perrongtak til høgre. I bakgrunnen ser ein ein annan perrong med mange parkerte syklar, store grøne tre, ein kvit bygning og ein grå, overskya himmel.