
El 18 2242
Her er #TogSelfie frå Oslo S! Siste tog av turen. Her hjå Vy :vy: er det deileg og kjøleg etter SJ :sj: sitt altfor varme tog. Me har fått sitteplassar kvar for oss her, på nok eit fullt tog.
Biletskildring
Ein selfie av ein breitt smilande mann med skjegg, grøn t-skjorte og blå hettejakke på ein solfylt perrong på Oslo Sentralstasjon (Oslo S). Til venstre står fronten på eit mørkegrått elektrisk lokomotiv av typen El 18, som dreg toget over Bergensbanen mot Bergen. Lokomotivfronten har det karakteristiske, hellande designet og er merka med lokomotivnummeret «18 2242» øvst over frontruta, med eit lite «2» oppe til høgre. Midt på snuten prydar den kvite Vy-logoen, og i førarrommet skimtar ein lokføraren bak frontruta. Bak lokomotivet strekkjer vognrekkja seg innover langs perrongen. I bakgrunnen ser ein fagverksåk med køyreleidningar over spora, glasbygg til venstre og eit signal i raudt, alt under ein klår, blå himmel med nokre få, kvite skyer.