
#TogSelfie · 20. aug.
BM74 · 74147
Me har problem med Entur i dag, som er gøy når ein treng billetter og slikt... Difor litt forseinka #TogSelfie her med toget som for tida tek oss mot Hamar! Neppe noko Onkel Egg der i dag.
Biletskildring
Ein selfie av ein breitt smilande mann med skjegg, grøn t-skjorte og gråblå hettejakke på ein overbygd perrong på Oslo Sentralstasjon (Oslo S). Til høgre står fronten på eit grønt og mørkegrått elektrisk Vy-tog av typen Stadler FLIRT (Vy litra BM74), merka med settnummeret «74147» under frontruta og Vy sin kvite logo på snuten. På destinasjonsskjermen over frontruta står det «RE10 Lillehammer», og frontlysa lyser mot ein støvete front. Den gule tryggleikslinja går langs perrongkanten. I bakgrunnen ventar ei rekkje folk på perrongen, eit raudt togsett står ved nabospora, og kontorbygga i Oslo sentrum reiser seg mot ein klår, blå kveldshimmel.