
#TogSelfie · 22. aug.
BM76 · 76501
#TogSelfie med Type 76-toget som skal ta oss frå Røros til Alvdal. Selfien blei tatt mens toget køyrde langs betongplattforma, men det stoppa med treplattforma. Spanande konsept.
Biletskildring
Ein selfie av ein breitt smilande mann med skjegg, raudrosa t-skjorte og lilla hettejakke med ljos fôrkant på perrongen på Røros stasjon. Til venstre står den avrunda fronten på eit mørkeblått bimodalt motorvognsett av typen Stadler FLIRT (SJ Nord litra BM76), merka med settnummeret «76501» under frontruta og SJ-logoen med det vinga symbolet midt på frontpartiet. Frontlysa og dei gule markeringslysa lyser, og den gule tryggleikslinja følgjer perrongen bortover langs toget. På nabosporet heilt til venstre står fronten på eit anna sett av same typen. I bakgrunnen ser ein perronglysstolpar, grøne tre og ei mast, under ein tung, grå og overskya himmel.