
ČD 384 027-9
#PrahaToget kom til slutt! Her er #TogSelfie med dagens lok. Me har nøyaktig same sitteplassar som på veg ned. Ikkje nok med at Praha hl.n. annonserar plattform seint, som fører til eit ras av togpassasjerar nedover gongen samtidig, så driv dei heller ikkje med å formidle kor på plattformen toget stoppar. Som gjorde at to straumar av passasjerar gjekk mot kvarandre fordi nesten alle stod på feil …
Biletskildring
Ein selfie av ein breitt smilande mann med skjegg, olivengrøn fleecejakke og ljosgrøn t-skjorte på ein perrong under den store, kvelvde stål- og glashallen på Praha hlavní nádraží. Til høgre står fronten på eit kvitt og mørkeblått elektrisk lokomotiv av typen Siemens Vectron (ČD-serie 384), som skal dra toget frå Praha til København. Lokomotivfronten er merka med lokomotivnummeret «384 027-9» oppe til høgre, ČD-logoen i kvitt midt på og «SIEMENS» over buffarane. Kvite, vassrette striper går over fronten og bortover sida, og frontlysa lyser gult. Til venstre står ein lang kø av reisande med sekker og bagar langs den gule tryggleikslinja. I bakgrunnen til høgre står ei blå ČD railjet-vogn, og gjennom glastaket skimtar ein ein delvis skya himmel.