
#TogSelfie · 29. okt.
Øresundståg · 4555
På København H var det greitt! Etter ein utruleg kjapp levering av fersk pomfri frå McDonalds gjekk me ned på plattformen. Der kom eit tog køyrande frå Sverige, og det skulle berre snu og dra tilbake! #PrahaToget skal over brua til Malmø før me tek natta på eit hotell.
Biletskildring
Ein selfie av ein breitt smilande mann med skjegg og olivengrøn hettejakke på ein perrong om kvelden under det store taket på København H. Til venstre står fronten på eit grått og svart elektrisk motorvognsett av typen Øresundståg (Skåne-litra X31K), som skal køyra over Øresund mot Lund C. Fronten er merka med settnummeret «4555» i kvit skrift mellom dei to raude lyktene, og den tjukke, svarte gummimembranen rundt førarrommet er godt synleg. Gjennom frontruta skimtar ein føraren. Oppe til høgre heng eit grønt naudutgangsskilt, ein avgangsskjerm som viser «Lund C» og ei blå stasjonsklokke. I bakgrunnen går folk langs den ljose perrongen under det mørke, buete taket med jernkonstruksjonar, og på nabosporet står eit anna togsett.