
#TogSelfie · 23. aug.
BM76 · 76508
#TogSelfie frå Røros stasjon. Her er toget som skal ta oss til Hamar. Rart nok er dette eit usynleg tog for Røros, då det i dah ikkje stod hjå noko system at det skulle vera her. Til tross for at lokføreren venta her på stasjonen i lag med oss. Aldri opplevd før i Noreg at toget berre ikkje står i systemet. Me var ein gjeng smått bekymra folk som merka oss at neste tog til Hamar skulle kome …
Biletskildring
Ein selfie av ein breitt smilande mann med skjegg, lilla hettejakke og vinraud t-skjorte, med ei ryggsekkreim over skuldra, på perrongen på Røros stasjon. Til venstre står fronten på eit mørkeblått bimodalt motorvognsett av typen Stadler FLIRT (SJ Nord litra BM76), merka med settnummeret «76508» under frontruta og SJ-logoen med det vinga hjulet midt på snuten. Frontlysa og dei oransje markeringslysa lyser, og settet står klart til å køyra R60 over Rørosbanen mot Hamar. På nabosporet bortanfor står eit søstersett merka «76510». Den gule tryggleikslinja følgjer den nesten tomme perrongen bakover forbi ei rekkje lyktestolpar, ein telemast og granskog, under ein blå himmel med store, kvite skyer.