
#TogSelfie · 23. aug.
BM74 · 74148
Vekas andre #TogSelfie frå Hamar stasjon. No skal me stå heile vegen til Oslo S sida toget er stæppa fullt og me ikkje reserverte sitteplassar. Nett som ekte austlendingar!
Biletskildring
Ein selfie av ein breitt smilande mann med skjegg, vinraud t-skjorte og blå hettejakke på ein perrong på Hamar stasjon i solnedgangen. Til venstre står fronten på eit grønt og mørkegrått elektrisk Vy-tog av typen Stadler FLIRT (Vy litra BM74), merka med settnummeret «74148» under frontruta og Vy sin kvite logo på snuten. Destinasjonsskjermen over frontruta viser «RE10 Drammen», og toget går sørover om Oslo S. Frontlysa og dei oransje blinklysa lyser. I bakgrunnen heng skilta «SPOR 4» og «SPOR 3» under køyreleidningane, folk ventar bortover perrongen ved stasjonsbygget, og den låge sola står som ein oransje glød mellom toga under ein ljos, klår kveldshimmel.