← Alle togselfies
Ein selfie av ein breitt smilande mann med raudleg skjegg, olivengrøn fleecejakke, ljosgrøn t-skjorte og ei veskereim over brystet på ein perrong på Bergen stasjon. Til venstre står fronten på det same grøne og mørkegrå Vy-toget av typen Stadler FLIRT som tok han med frå Trengereid, no i ro og skarpt, merka med settnummeret «75570» under frontruta til høgre. Destinasjonsskjermen har alt skifta til «R40 Voss» for turen attende, Vy sin logo prydar snuten, og frontlysa lyser gult. Over toget kvelver det store stasjonstaket seg med bogar av stål og glas, og i enden av hallen ser ein ein grå, disig himmel gjennom glasveggen. Til venstre skimtar ein eit moderne kontorbygg bak eit gjerde.
#TogSelfie · 26. sep.

Togselfie

Trengereid → Bergen

Det blei for dårleg ljos i tunnelen på Trengereid til å sjå toget skikkeleg. Så her er #TogSelfie med same tog frå båe Trengereid stasjon og Bergen stasjon.

Sjå tuten på skvip.lol →

Biletskildring