
El 18 2255
Fyrste tur med #PrahaToget er nattoget over vidda mot Oslo. Skal bli deileg å få leggje seg ned i sovekupeen no. Gøteborg blir nesten naboby når det berre er ei natt i seng pluss ei lita svipp med toget unna.
Biletskildring
Ein selfie av ein breitt smilande mann med skjegg, mørkegrøn hettejakke og grå t-skjorte på ein perrong ved Bergen stasjon om kvelden. Til høgre står fronten på eit sølvgrått og mørkegrått elektrisk lokomotiv av typen El 18, som skal dra nattoget over Bergensbanen til Oslo S. Lokomotivfronten har det karakteristiske, hellande designet og er merka med lokomotivnummeret «18 2255» øvst til venstre og førarromnummeret «1» til høgre over frontruta. Midt på frontpartiet sit Vy sin logo, og dei kvite frontlysa lyser. I førarrommet skimtar ein eit gult varselskilt. I bakgrunnen strekkjer perrongen seg mot den opplyste stasjonshallen, der nokre reisande går under gatelyktene. Til høgre står eit blågrønt motorvognsett bak ein gul buffarstoppar, og lysa i åssida skin mot ein svart nattehimmel.