
BM74 · 74133
Då går #PrahaToget vidare til Gøteborg. Kaizers-capsen er på, klar for kveldens konsert. #TogSelfie med 74133.
Biletskildring
Ein selfie av ein breitt smilande mann med skjegg, svart og kvit caps, mørkegrøn hettejakke og grå t-skjorte på ein perrong under tak på Oslo Sentralstasjon (Oslo S) i morgonmørkret. Til venstre står fronten på eit grønt og mørkegrått elektrisk Vy-tog av typen Stadler FLIRT (Vy litra BM74), klart til avgang. Destinasjonsskjermen øvst lyser oransje med teksten «RE20 Göteborg C». Under frontruta står settnummeret «74133», og under det sit Vy sin logo. Frontlysa lyser varmt, og regndropar glitrar på den blanke fronten. Den gule tryggleikslinja strekkjer seg langs perrongen, der ein liten kvit servicebil står parkert. I bakgrunnen ber dei grå betongtaka perrongane med opplyste skjermar og nokre få reisande, og til venstre ruvar eit kontorbygg mot ein mørkeblå morgonhimmel.